所属专辑:Evige Asatro / Til Dovre Faller
歌手: Glittertind
时长: 02:14
Mellom bakkar og berg ut med havet[00:02:14]
Heve nordmannen fenge sin heim[00:02:14]
Der han sjølv heve tuftene grave[00:02:14]
Og set sjølv sine hus oppå deim[00:02:14]
Han såg ut på dei steinute strender[00:02:14]
Det var ingen som der hadde bygt;[00:02:14]
"Lat oss rydja og byggja oss grender[00:02:14]
Og så eiga me rudningen trygt"[00:02:14]
Han såg ut på det bårute havet[00:02:14]
Der var ruskut å leggja utpå[00:02:14]
Men der leikade fisk nedi kavet[00:02:14]
Og den leiken den ville han sjå[00:02:14]
Fram på vetteren stundom han tenkte:[00:02:14]
"Gjev eg var i eit varmare land!"[00:02:14]
Men når vårsol i bakkane blenkte[00:02:14]
Fekk han hug til si heimlege strand[00:02:14]
Og når liene grønkar som hagar[00:02:14]
Når det laver av blomar på strå[00:02:14]
Og når netter er ljose som dagar[00:02:14]
Kan han ingen stad venare sjå[00:02:14]